Über ein Lied von Edvard Grieg

Hier ein Artikel zu den Hintergründen des Liedes Voren, Last Spring……

 Text entnommen: Konzerthaus Dortmund, Programmheft…..Redaktion.

Und dies ist der Originaltext:

›våren‹   (text: aasmund olavsson vinje, 1818 – 1870)

enno ein gong fekk eg vetren å sjå
for våren å røma;
heggen med tre som der blomar var på,
eg atter såg bløma.

enno ein gong fekk eg isen å sjå
frå landet å fljota,
snjoen å bråna og fossen i å
at fyssa og brjota.

graset det grøne eg enno ein gong
fekk skoda med blomar;
enno eg høyrde at vårfuglen song
mot sol og mot sumar.

eingong eg sjølv i den vårlege eim,
som mettar mit auga,
eingong eg der vil meg finna ein heim
og symjande lauga.

alt det, som våren imøte meg bar
og blomen, eg plukkad‘,
federnes ånder eg trudde det var,
som dansad og sukkad‘,

derfor eg fann millom bjørkar og bar
i våren ei gåta;
derfor det ljod i den fløyta eg skar,
meg tyktes at gråta.